Norges mest komplette liste over laiver!

Tittel:
Teaterslaget laiv
Arr. type:
Laiv
Status
Avlyst
Alias:
"One-liner":
15-minutters minilaiv av Teaterslaget i 1913 ved opninga av Det Norske Teatret.
Fylke:
Oslo
Sted:
Oslo, Kristian IVs gate mellom Rosenkrantzgaten og Universitetsgata
Ønsket ant. delt:
100
Faktisk ant. delt:
Dato/tid for start:
11.6.2014
Dato/tid for slutt:
11.6.2014
Varighet:
15 minutter + prep/wrap
Påmeldingsfrist:
10.06.2014
Betalingsfrist:
Aldersgrense:
12 år
Arrangører:
Norsk Amatørteaterfestival
E-post:
ashild@ungdomslag.no
Hjemmeside:
http://teaterfestival.no/teaterslaget/
Org./For./Gruppe:
Noregs Ungdomslag
Kommentar:

Dette er ein minilaiv i samband med framsyninga Jeppe på Berget under Norsk Amatørteaterfestival. Det er utelukkane på frivillig basis, ingen involverte er honorert for arbeidet med laiven, og me tek sjølvsagt ikkje pengar for å delta heller.
BAKGRUNN:
I 1913 samla det seg på det meste 20 000 personar i gatene rundt Det Norske Teatret for å demonstrere for/mot målsaka. Det var Riksmålsungdommen mot Landsmålsungdommen, begge i all hovudsak studentar, og etter kvar meir og meir iblanda pøblar som berre var ute etter ein god slosskamp. Det heile starta då Det Norske Teatret (tenk å kalle seg "Det NORSKE Teatret"!!!) opna 6.oktober i Rosenkrantzgate 8, med framsyninga Jeppe på Berget (på landsmål). Dei var frekke nok til å snakke norsk på scena, attpåtil på landsmål, og dette kunne ikkje Riksmålsforkjemparane godta. Det byrja med pipekonsertar i salen og ei handfull folk som demonstrerte utanfor inngangen før og etter framsyninga, og over eit par dagar utvikla dette seg til ville, blodige slagsmål både inne på teatret og utanfor. Det var blod oppetter veggane inne i teatret, dei knekte beina av benkane for å sloss med, og smugla knivar med seg inn. Det vart fleire og fleire politi involverte, inkludert faste vaktar utanfor inngangen til teatret. Det var spionar i begge leire som vidareformidla kva planar dei andre hadde, skodespelarane smugla ut fribillettar til landsmålsfolk (helst slåsskjempar) som dei igjen plasserte strategisk inne i salen. Hulda Garborg, som var styreleiar i Det Norske Teatret den gongen, måtte smuglast inn og ut av teatret for ikkje å verte slått ihjel.

Denne gongen reknar me ikkje med å få 20 000 i gatene, men me vil gjerne få til ein såpass stor gjeng med folk at me klarar å i alle fall gje eit glimt av kva opptøyer det var den gongen utanfor teatret. Du kan velje kva gruppe du vil tilhøyre, og får tildelt bakgrunnsinfo om "kven du er" i framkant av laiven. I tillegg får du ei tidsramme og eit mål for kva du skal oppnå og kva område du skal vere innafor i ei gitt tidsramme, samt forslag til naturlege saker du kan seie. Me har også eit par roller som har meir spesifike oppgåver samt eit par replikkar, som bl.a. Hulda Garborg. Det står meir utfyllande om dei ulike gruppene på nettsida vår teaterfestival.no
Me har ein del kostymer, men kanskje ikkje nok til alle, så dersom du har noko som kan passe set me umåteleg stor pris på om du kan nytte det.

[Meld rettelse]


Det Store Laivarkivet - Ansvarlig redaktør Tommy Finsen