Norges mest komplette liste over laiver!

Tittel:
Elencalion Formen 2012 (EFP X)
Arr. type:
Laiv
Status
Avholdt
Alias:
3 dagar i Midgard
"One-liner":
Fylke:
Vest-Agder
Sted:
Laivskogen på Tregde ved Mandal
Ønsket ant. delt:
30+
Faktisk ant. delt:
50
Dato/tid for start:
6.7.2012
Dato/tid for slutt:
8.7.2012
Varighet:
Helg
Påmeldingsfrist:
Betalingsfrist:
Aldersgrense:
Familievennlig
Arrangører:
E-post:
londal.anette@gmail.com
Hjemmeside:
http://www.solglott.org
Org./For./Gruppe:
Solgløtt
Kommentar:

Elencalion Formen er ein sjølvstyrt laiv som alle spelarane arrangerar i samarbeid. Telt og mat er spelarane sitt eige ansvar. Alle som er med lagar si eiga rolle, gjerne i lag med andre spelarar.

Solgløtt stiller med vatn, ved og toalettpapir. Det fins toalett i menneskeleiren. I menneskeleiren er det også mulig å trekke inn under tak i eit laiv-vennlig hus. Der fins enkle latriner i orkeleiren og alveleiren.

Det kjem til å vere barn, hestar og hundar til stades på laiven.

Du kan spele menneske, alv eller ork, eller noko anna som høver i Tolkien si verd.

Anette Londal tar imot påmelding og svarar på spørsmål. Ho formidlar også kontakt til grupperingsansvarleg i din leir.

I menneskelandsbyen kan du oppleve vertshus og daglegliv, spel på relasjonar og små og store konflikter. I orkefortet kan du utforske ein krigarkultur med forfedredyrking, og i alveskogen kan du bu i ein heim i trea og oppleve stemningsspel og skogvandring.

På Elencalion Formen har du som spelar ansvar for at tryggleiksreglar vert respektert og at ingen farlege situasjonar oppstår. Du har også ansvar for å skape spel og å spele vidare på initativ frå andre. Hugs å halde deg i rolle og hugs at rolla di ikkje er immun mot sverd og øksehogg! Ta vare på kvarandre og ha det gøy!

Laiven kostar kr 50,-

Les meir på Elencalion Formen-forum: http://laivforum.net/forums/184-Elencalion-Formen

I menneskene sin landsby, Bollebakkane, er folk travelt opptekne med å gjere alt klart til feiringa av midtsommar (sommarsolsnu). Feiringa finn stad på kvelden og natta andre laivdag.

Midtsommar er feiringa av den lengste dagen på året, og markerast med bålbrenning og fest. God drikke, lekker mat og smektande musikk fører til dans og glede. Det er vanleg at forelska par frir til kvarandre denne kvelden, og gamle sagn fortel om korleis alle former for skrømt og overnaturlige vesener ferdast fritt om natten. Ved midtsommar ofrar garnabrekk-truande til Tira, gudinna for ville dyr.

[Meld rettelse]


Det Store Laivarkivet - Ansvarlig redaktør Tommy Finsen